Setergarden
Av Jon Arne Storflor Sæter


Utistua og Innistua. De to våningshusene er sammenbygd. Bilde hentet fra bygdeboka

Setergarden ved Surnadalsøra på Nordmøre er i dag ei grend med flere garder. Andre navn som er eller har blitt benyttet om grenda, er flertallsformen Setergardene og Nedre Sæter. Nevnt i rekkefølge fra vest mot øst omfatter Setergarden i dag Kringla, Utistua, Innistua, Midtgarden og Matstua.

I Hans Hyldbakks «Gards- og ættesoge for Surnadal, bind 2» innledes kapitlet «Nedre Sæter» slik:

«Namnet blir uttala Setra, dativ Setern eller Neer Setern. På Setergara blir det òg gjerne sagt om heile grenda. Ei nemning som peikar attende til garden som einskap i utgamle tider. I 1663 var namnet skrive Zetter, i 1667 Setter og Ytter Setter, i 1723 Sætter og Yttre Sætter.

Ordet har ikkje noko med seter i vanleg meining å gjera, men er det gamle inkjekjønsordet Sætr, som kjem av sete og har same tydinga som set-namna elles. Garden skulle såleis skrive seg frå sist i vikingetida. Alt i 1665 var garden delt i Sæter, eller Øster Sæter som det òg heiter, og Ytre Sæter. Oppistua og Nestua høyrde til Øster Sæter, og Midtgarden og dei to ytste gardane, som ved dette leitet var ein gard, høyrde til Ytre Sæter. Denne delinga står framleis ved lag, meddi Sæter har gardsnr. 49 og Ytre Sæter gardsnr. 50.

I 1723 heiter det om Sæter:

‘Avler 5 t. blandkorn, 33 t. havre, 2 vag lin, 92 læs hø. Føder 14 kør, 14 ungnød 22 smaakreaturer, 3 heste. Ingen husmand, en ringe sæter straks ved gaarden, en liden bækkekvern tilhobe, skov til brændfang og lidt hustømmer, temmelig god fægang, middelmaadig god jordart, letvunden, vis til korn undtagen i varme aar, indtet slags fiskeri. Ligger en 1/2 fjerding fra Surendalsøren, lider skade av elvebrud, liden leilighed ti rødning.’

Om Ytre Sæter heiter det i same matrikkelen:

‘Avler 44 t. havre, 2 vaag 1 pd. lin, 96 læs hø. Føder 12 kør, 15 ungnød, 28 smaakreaturer, 4 heste. 3 husmænd uden plads, en ringe sæter 1 fj. mil fra gaarden, en liden flomkvern alle 3 opsiddere tilhobe, skov til brændfang og lidt hustømmer. Resten ligesom den forrige.’

I 1667 åtte mennene på Austre Sæter ‘en saug som giver rettigheder paa særsteder’, og i 1755 hadde alle mennene på Sæter sagbruk saman med mennene på Sylte. Denne saga er kalla Nedre Sæter saug og stod på det gamle sagstøet i Vassendgryta. Der hadde dei òg kvernene sine, i kvart fall på dei to austre gardane. Dei ytre derimot hadde visstnok kvern i bekken på Øra.

Nedre Sæter var privat eigedom så tidleg som i 1667. Berre 9 mkl. av dei to austre gardane høyrde Raneskjerka til. Heile Ytre Sæter høyrde ein Lars Øye til, og både han og Jo Ranes, som åtte Nestua, sat som leiglendingar på heimegardane sine, på same tid som dei tok inn landskyld av seterkallane. Mannen i Oppistua var sjøleigar alt i 1667, og Utistua og Innistua vart det kring 1690, Nestua kring 1700 og Midtgarden først i 1772.

Platået der Sætergardane ligg strekte seg i gamal tid lenger nordover mot Sylte, og så overlag lang tid er det vel ikkje sia mykje av Sæterøya låg på same sida av elva som gardane. I 1731 hadde dei to mennene på Austre Sæter innklaga kaptein Benjamin Mentzonius i Utigard på Øye for det han ville tileigne seg mykje av Sæterøya som sin eigedom. Serleg galdt tvisten ei øy eller ein vidjeskog med namnet Skoøya, som låg på austsida av eit gamalt elvefar i Sæterøya. Mange gamle og lokalkjende vitne var framme og vitna tl kapteinen, Anders Pederson Kvanne, fortalde at han hadde brukt ein part av Utigard å Øye i åtte år. Da han kom til gards hadde han spurt ein gamal husmand, Ola Eivindson, om korleis det var med eigedomsretten ved det gamle elvefaret, og av han hadde han fått det svaret ‘at elven havde brudt baade paa Øye land saa og paa Sylte, men dog saa meget paa Sylte at denne gaard meget var udtagen og havde da elven sit løb op i den os nu foreviste vidjeskaug som er østenfor og tet ved det av kapteinen os foreviste gamle elvefar, sagde og at den tid elven tog sit løb som den nu om Sæter haver, fortalte Ole Evensen ham, oplagde elven saa stor isdam at elven gik op over den forhenomtvistede skov og videre over hele Sæterøen’. Gamle Brit på Syltbakken, 74 år gamal, kunne òg minnast frå ungdomen av at elva der kor det no var ei tjønn beint vestafor tiendestabburet på Øye, hadde laupet sitt over øra austafor det gamle elvefaret.

Såvidt ein kan skjønne var det Kristoffer Sylte og Sætermennene som vann denne saka om Sæterøya.

I 1885 kjøpte I. A. Grimsmo og dei tri gardmennene på Ytre Sæter seterhamn i Søyådalen av Østbø. Grimsmo vart seinare eineeigar av denne setra.»

Slektskapet mellom etterkommerne fra Midtgarden, Kringla og Matstua
Kringla og Matstua ble utskilt fra Midtgarden på midten av 1800-tallet, og de som tok over de tre enhetene, var søsken. Etterkommerne fra disse tre gardene er dermed i nær slekt. Delingen foregikk som beskrevet nedenfor.

Midtgardens eier i første halvdel av 1800-tallet, Anders Gullikson Sæther (f. 1784, gift 1814 med Brit Jonsdatter Øyan), skilte ut de to nye gardene Kringla og Matstua som nevnt nedenfor. Fra da av var den opprinnelige Midtgarden delt i tre garder:

Kringla
Kringla ble utskilt og solgt i 1847 til ekteparets eldste datter, Anne (f. 1821), gift 1844 med Tore Olson Vassend, Nestua. Nettstedet om Kringla finner du her.

I 1856 delte Brit og Anders det som var igjen av Midtgarden i to like store bruk mellom sønnene Lars (f. 1817) og Anders (f. 1826) slik:

Matstua
Lars (f. 1817), som var jordkaren, fikk i 1850-åra kjøpt den delen av Midtgarden som siden ble kalt Matstua. Lars giftet seg i 1844 med Randi Olsdotter Skei, Austistua. Nettstedet om Matstua finner du her.
Slekta til initiativtakerne til dette nettstedet kommer fra Matstua. Nåværende eier av Matstua – pr. 2003 – er Ingvar Sæther (f. 1948).

Midtgarden
Anders (f. 1826) kjøpte heimgarden med de gamle husene og gardstuftene. Gift 1854 med Ane Jonsdatter Sæter, Nestua. Nettstedet om Midtgarden finner du her.


STARTSIDE